INTRO

Sylvelin Vatle (1957 –      ) debuterte med et smell og vant Debutantprisen i 1991 med «Alle kjenner vel presten?». Men fokuset i dette intervjuet kommer til å ligge på serien med tre bøker om Tim Brentloff, som ble startet i 2003 med «Tim Brentloffs eventyr». Tim er en fantasifull, men litt redd gutt som forliser med rutebåten og sendes ut på ville eventyr – blant annet til Nivlheim – det vil si, Dødsriket. Her må han utføre oppgaver som får ham til å vokse som person. Åse Kristine Tveit skrev blant annet i barnebokkritikk.no: «Er dette ’berre’ underhaldning? God underhaldning er godt nok, men her finst og spor av noko anna. Som eit resultat av dei prøvingane Tim må gjennom, får han innsikt i seg sjølv, og lærer seg å hanskast med si eiga redsle og dårlege sjølvkjensle. Med gode hjelparar greier han å fullføre reisa gjennom underverda, og kjem ut att på andre sida. Utruleg kan det verke, men det går altså bra for Tim Brentloff til sist! Slik boka endar, kan ein få ei kjensle av at det vil kome fleire forteljingar om Tim. Det er å håpe, for alle som likar gode grøss og ville påfunn!»

Og flere bøker ble det. Serien er nå en trilogi hvor Vatle har forsynt seg av norrøne skrekkfigurer. Det er horror – men også humor. Og de fleste anmelderne har lagt merke til forfatteren morer seg når hun skriver fabelprosa for unge lesere.

 

EWO: HVORDAN VIL DU SELV BESKRIVE DITT LITTERÆRE PROSJEKT?

VATLE: Tim Brentloff-triologien er morsom, vilter, skummel og fantasifull – og du blir kunnskapsrik og klok av å lese den.  Ikkje verst, i grunnen …

 

EWO: FINNES DET GRUNNER TIL AT DU VALGTE Å SKRIVE OM AKKURAT DETTE?

VATLE: Eg har vore fascinert av den norrøne mytologien frå eg var barn, fordi eg var omgitt av ein gjeng skikkelig gode forteljarar. Dei beste forteljarane er jo slike som lyg så dei trur det sjøl. Endå betre blir det når forteljaren faktisk IKKJE trur at han eller ho lyg. Dette var nok (mest sannsynlig) tilfelle med bestemora mi.  Ho var overbevist om at Åsgardsreia kunne komme farande rundt juletider med sine Åsgardsgudar, kattar, grisar, troll og jotnar for å putte folk i rullande tønner med spiker.

I tillegg til denne fascinasjonen hadde eg tre andre grunnar:

1:  Eg ville underholde.

2:  Eg ville blåse nytt liv inn i ei fantastisk folketru, og finne ut kva dei ulike karakterane i dette universet har å lære oss i dag.

3: Eg ville gjere eit forsøk på å grabbe forteljingane og karakterane tilbake frå alle som (etter mi meining) forflatar dette fantastiske materialet ved å ta bort ein svært viktig ingrediens:  humoren. (Eksempel på slike folk meiner eg å ha oppdaga blant nyfascistar, pedagogar, forskarar, prestar, heavybandmedlemmer og mange, mange andre.) Den som har oppdaga at Yggdrasilasken faktisk har røtter over heile verda oppdagar også at norrøn tru ikkje er utestengande, nervrotisk og engstelig. Det er ei tru skapt av reisande, kloke, kreative, morsomme og nysgjerrige folk.

 

EWO: GJØR DU NOE RESEARCH FØR DU SKRIVER?

VATLE: Heile tida! Det er jo noko av det som gjer skriving så spennande og utviklande. Eg er liksom på ei reise i alle slags vær der eg utforskar alle øyer, grotter, havdjup og skjær eg støyter på. Fantasiskriving er forskningsarbeid for slike forskarar som kun likar den kjekke delen av forskningsjobben. Ein slik forskar er eg.

 

EWO: HVA ER DEN VANSKELIGSTE DELEN AV Å SKRIVE EN NY BOK?

VATLE: Tja … Eg pleier å legge vekk prosjekt som dauar og halde på med dei som lever. (Nokre gonger går det skikkelig skeis med dei levande òg, men eg får jo uansett med meg opplevelsen og reisa.)

 

EWO: DU KUNNE SIKKERT HA SKREVET INNEN MANGE ANDRE SJANGERE. HVORFOR HAR DU VALGT FABELPROSA?

VATLE:

Eg har skrive innanfor mange andre sjangerar også, eg er ikkje slik skrudd saman at eg held meg innanfor ein sjanger lenge om gongen. Dessutan havnar eg alltid opp med å leite etter nye / alternative måtar å skrive på innanfor ein sjanger. For meg er skriving ein muntlig prosess, sikkert fordi eg er så påvirka av muntlige forteljarar og fordi det tok så lang tid før eg begynte å skriva ting ned.

Eg er ikkje så opptatt av kva for ein sjanger eg skriv i, eg berre fortel frå ulike vinklar og med ulike stemmer. Då eg skulle laga lydbok av den første Tim Brentloff-boka valde eg for eksempel å fortelje den første tredjedelen av boka (utan å bruka manus). Det er nok litt spesielt.

 

EWO: HAR FABELPROSA NOEN FORDELER FRAMFOR ANDRE SJANGERE?

VATLE: Fabelprosa er skikkelig kjekt, der kan ein boltre seg. Det grenseoverskridande er ein stor fordel. Og så likar eg så godt å skape rare og skumle karakterar.

 

EWO: HVA LESER DU SELV AV FANTASY OG SCIENCE FICTION?

VATLE: Ikkje så mykje, faktisk. Det fantastiske stoffet bør helst ha ein god dose humor hvis eg skal henge med.

 

EWO: HVIS DU SKULLE ANBEFALE ÉN ENESTE BOK INNEN FABELPROSA, HVILKEN VILLE DET VÆRT? OG HVORFOR?

VATLE: Vanskelig spørsmål, bøkene har mange og ulike kvalitetar  … Eg er nok mest svak for Harry Potter, fordi det er så mykje galen humor og samfunnssatire der.

 

EWO: KAN FANTASTISK LITTERATUR SI OSS NOE OM SAMTIDEN?

VATLE: I høgaste grad! Det er ein av dei fire grunnane til at eg valde å skrive om Tim Brentloff. Når ein lagar eit parallelt og fantastisk univers kan ein velje å la det likne på vårt eige samfunn. Slik står ein langt friare både til å avsløre og formidle vårt eige samfunn på nytt. Når ein bruker gamle myter som utgangspunkt kan ein dessutan finne ut kva som er dei underliggande grunnane til at desse mytene og karakterane har overlevd. Kvar einaste karakter Tim Brentloff støyter på har vist seg å skjule skattar av psykologisk og samfunnsmessig innsikt. Det var eg ikkje alltid forberedt på.

 

EWO: HAR DU NOEN GANG FÅTT OVERRASKENDE ELLER UVENTEDE REAKSJONER FRA LESERNE DINE?

VATLE: Eg har reist så å sei over heile Norge med den kulturelle skolesekken for å fortelje om Tim Brentloff, og eg kunne nok lage ei ny bok om alle dei overraskande og kreative reaksjonane eg har fått J

Eitt ekempel: Eg hadde fortalt om Tim Brentloffs ublide møte med havheksa Rån. Ein elev sa:  ”Heiter ho der heksa kanskje Rån fordi ho var så fæl til å råne rundt med båten sin?”

Eit godt spørsmål.

 

EWO: NÅR FORSTO DU AT DET VAR FORFATTER DU VILLE BLI?

VATLE: I mange år var eg ein slik forfatter som ikkje skreiv. Eg gjekk lange turar for meg sjøl og laga forteljingar og poesi, men eg skreiv det ikkje ned. Eg skreiv ikkje dagbøker og ikkje brev, eg skreiv berre det som læraren forlanga at eg skulle skrive.

Då eg var 33 år begynte eg å skrive ein roman, og den gjekk rett i krysset.

 

EWO: HVA SKRIVER DU PÅ NÅ:

VATLE: No er eg tilbake der eg starta – eg er ein forfatter som ikkje skriv. Eg har tatt meg jobb; eg underviser og bygger opp eit skolebibliotek. På veg til jobben (det er 45 min. gjennom skogen) diktar eg forteljingar til førsteklassingane. Kvar veke får dei ei ny og ganske lang, dramatisk og morsom muntlig forteljing servert.

Så snart eg får tid, skal eg skrive desse forteljingane ned – for dei er skikkelig bra.

 

EWO: HVA ØNSKER DU AT LESERNE SKAL HUSKE AV BØKENE DINE?

VATLE: At det var skummelt og spennande, men likevel så morsomt at dei ikkje lenger er like redde når dei møter ein indre drage. No veit dei jo at dei har overtaket så lenge dei har sørga for å få med seg fire ting:

ei eske fyrstikker, ei kappe, ein spade og ein skarp lommekniv.

 

HJEMMESIDEADRESSE:

http://www.sylvelinvatle.com/

 

BIBLIOGRAFI:

Alle kjenner vel presten? – roman (1991)

Bent Skute – roman (1993)

Den Åttande Dagen – roman (1996)

Topphemmelig dagbok for Lars – barnebok (1998) (illustrert av sønnen Lars Nilsen Vatle)

Ville liljer – roman (2000)

Mørket bak Gemini – roman (2002)

Gubben som ville fanga jula i ein håv – barnebok (2002)

Tim Brentloffs Eventyr – barnebok (2003)

Tim Brentloffs Eventyr II: Fenrisulvens forbannelse – barnebok (2006)

Tim Brentloffs eventyr III: Skatten i dragegrotta – barnebok (2008)

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *