INTRO

Tor Arve Røssland (1971 –       ) er en forfatter som skriver bøker som fenger barn og ungdom. Det som gjør ham til en fabelprosaforfatter er grøsserserien om Svarte-Mathilda som i år fullføres med bind 3.

Svarte-Mathilda er et barn som opprinnelig levde på 1800-tallet i en vestlandsbygd. Men som blir et offer for grusomheter og blir til et ondt spøkelse. Men handlingen foregår i vår tid og ofrene er unge mennesker som leserne fint kan kjenne seg igjen i.

Fortellingen tar utgangspunkt i en vandrehistorie (urban legend) om Bloody Mary som er et spøkelse. Men ikke et lenkeraslende og flagrende lakenspøkelse. Nei, hun kommer simpelthen og dreper deg hvis hun påkalles på rette måten.

Røssland turnerer dette stoffet mesterlig og svært spennende. Den første boka i serien ble nominert til U-prisen, som er noe av det gjevere en forfatter for unge mennesker kan oppnå.

 

EWO: HVORDAN VIL DU SELV BESKRIVE DITT LITTERÆRE PROSJEKT HVIS VI SER PÅ DE GRØSSERNE DU HAR SKREVET?

RØSSLAND: Svarte-Mathilda står trygt planta i den klassiske skrekksjangeren. Bøkene er eit resultat av eit langt prosjekt for min del, der historien i bøkene strekkjer seg heilt tilbake til Italia på 1500-talet, via Hardanger på slutten av 1800-talet, og til slutt kjem vi til hovudpersonen Elisabeth i vår tid som må slite  med alle desse skrømta. Alle historiene blir fortalt parallellt, med hovudfokus på Elisabeth i vår tid. For min del gjekk det heile ut på å sjå kor skummelt eg klarte å få det i bokform. Eg stal hemningslaust frå litterære heltar som Stephen King og Clive Barker, og ikkje minst frå filmar som Exorcisten, Den sjette sans, The Grudge, Candyman, Don`t Look Now og ei lang rekkje andre. Tilbakemeldingane eg har fått frå både barn og vaksne fortel meg at dette er skummelt, og det funkar.

Det har vore ei lang reise for meg å skrive denne historien, og når eg no sit med språkvask på siste boka kjennes det både godt og vemodig. Eg har likt å grave med ned i ei fullstendig oppdikta fantasiverd, med sin eigen indre logikk og sin eigen mytologi, sjølv om mykje er basert på allereie eksisterande vandrehistorier.

Ein ting som har vore vanskeleg er å halde styr på alle dei raude trådane undervegs. Kor mykje skal eg avslutte? Kor mykje skal eg la lesaren lure på? Kor mykje skal lesaren rett og slett aldri få svar på? Eg meiner at spesielt skrekksjangeren skal ha nokre ubesvarte spørsmål, eg som forfattar kan gjerne vite det sjølv, men lesaren skal sitje å lure på eit par ting når boka er ferdig. Ikkje nødvendigvis for at dette skal gi meg sjansen til å skrive endå fleire oppfylgjarar, men fordi mysteriet og undringa er kanskje det viktigaste i heile sjangeren. Viss eg gir svaret på alt, er det alltid nokre som blir skuffa, det var ikkje slik dei såg det for seg.

Det skal uansett bli godt å bli ferdig med sagaen om Svarte-Mathilda og Elisabeth, og konsentrere seg om andre fantastiske tekstar.

 

EWO: FINNES DET GRUNN ER TIL AT DU VALGTE Å SKRIVE OM AKKURAT DISSE EMNENE?

RØSSLAND: Det er veldig tilfeldig. Ideen om Svarte-Mathilda fekk eg av dotter mi. Ho hadde med seg nokre venninner heim ein gong, og dei gjekk inn på badet og prøvde å mane Svarte-Mathilda fram framfor spegelen, dei kom hylande ut og dermed var ideen planta i hovudet mitt. Eg prøvde å finne ut kor dei hadde fått namnet Svarte-Mathilda frå, dei hadde høyrt det på skulen, men visste ikkje av kven, dermed blei eg ført inn på temaet om vandrehistorier. Då eg første begynte å skrive, fatta eg ikkje kvifor eg ikkje hadde skrive skrekk før. Det var jo skrekk eg las heile ungdomstida!

 

EWO: GJØR DU NOE RESEARCH FØR DU SKRIVER?

RØSSLAND: I Svarte-Mathilda las eg mykje om vandrehistorier, om livet og skulegong i Hardanger på slutten av 1800-talet, om livet i Italia på 1500-talet, om spegelproduksjon, om malerkunst, om arkitektur om demonar og biskopar og ikkje minst om Den venetianske republikken si historiske utvikling. Bok tre har handling kun frå Venezia, på 1500-talet og i vår tid. Det har vore spennande å prøve å sjå for seg korleis livet var, korleis har arkitekturen endra seg, kjenne på luktene i gaten osv. (Brukte faktisk spelet Assassins Creed II til litt av researchen her, det løner seg ofte å vere interessert i slikt.) Research tar tid, men det er kjekt. Heldigvis har eg vore mykje i Hardanger, men det måtte ei Italiareise til for å klare å fullføre Svarte-Mathilda 2 og 3.

Andre bøker kjem kanskje fullstendig frå fantasien.

 

EWO: HVA ER DEN VANSKELIGSTE DELEN AV Å SKRIVE EN NY BOK?

RØSSLAND: Synest ikkje det er så vanskeleg. Eg har mange idear, det vanskelegaste er vel når eg har skrive ei stund på ei bok og innser at den berre var ein god ide, som eg ikkje klarer å fullføre. Det føles bortkasta. Det kan også vere vanskeleg og tungt å redigere ferdige, antatte bøker når ein eigentleg har lyst til å skrive noko heilt nytt.

 

EWO: DU KUNNE SIKKERT HA SKREVET INNEN MANGE ANDRE SJANGERE. HVORFOR HAR DU VALGT FABELPROSA?

RØSSLAND: Eg har skrive i andre sjangar, og eg er usikker på om eg eigentleg har skrive fabelprosa, høyrer skrekksjangeren heime der? Uansett så elsker eg skrekk og det overnaturlege, og ikkje minst science-fiction. Eg skriv dei ideane eg får, eg velger dei ikkje bevisst.

 

EWO: HAR FABELPROSA NOEN FORDELER FRAMFOR ANDRE SJANGERE?

RØSSLAND: Den kan fortelje oss truverdige historier som eigentleg handlar om menneske i samtida, utan å vere bundne av krav om realisme.

 

EWO: HVA LESER DU SELV AV FANTASY OG SCIENCE FICTION?

RØSSLAND: Eg er nok ikkje forferdeleg godt kjent i sjangeren, noko eg blir smerteleg klar over kvar gong eg går inn i fantasy / sci-fi-avdelinga i ein engelskspråkleg bokhandel, men eg har lese ein god del Stephen King, Clive Barker, alle dei klassiske skrekkromanane, Frankenstein; Dracula, Jekyll & Hyde – eg likar å gå tilbake til klassikarane. Ray Bradbury las eg mykje av i ungdomstida, og sjølvsagt Tolkien. Av nyare norske bøker har eg hatt stor glede av Asbjørn Rydland sin serie om Drakeguten, og Heine T. Bakkeid sin serie Dr. Schnabels krønike.

 

EWO: HVIS DU SKULLE ANBEFALE ÉN ENESTE BOK INNEN FABELPROSA, HVILKEN VILLE DET VÆRT? OG HVORFOR?

RØSSLAND: Ringenes herre. Treng du virkelig spør kvifor? Av nyare ting likar eg veldig godt American Gods av Neil Gaiman. Utruleg fascinerande bok, som osar av forteljerglede, mytologi og fantasi. Ei reise gjennom USA, og gamle gudar i ny drakt.

 

EWO: KAN FANTASTISK LITTERATUR SI OSS NOE OM SAMTIDEN?

RØSSLAND: Alle verkeleg gode bøker, filmar, teikneseriar og tv-seriar seier oss noko om samtida, og om menneska som lever her og no. Kvifor trur du ein tv-serie som Star Trek har hatt slik suksess gjennom alle desse åra? Ikkje på grunn av rare romvesen og tekniske dippeduttar, men på grunn av den gjennomgåande humanismen, og kva det vil seie å vere menneske i vår tid. Ein kan kanskje bli dratt inn i sjangeren på grunn av fascinasjon for romskip og tidsreiser eller dragar og ridderar, men dette er ikkje nok i lengden, det må vere ein tyngre substans i det. Universelle tema som kjærleik, venskap, mot, svik, utforskartrong og offervilje går over alle sjangergrenser, og er det som gjer all litteratur verdt å lese.

 

EWO: HAR DU NOEN GANG FÅTT OVERRASKENDE ELLER UVENTEDE REAKSJONER FRA LESERNE DINE?

RØSSLAND: Eg får utruleg mange rare reaksjonar og spørsmål, spesielt på skuleturne. Vaksne menneske tilstår at dei ikkje har turt å lese boka etter det har blitt mørkt. Ungar som spring gråtande ut av klasserommet. Ein skule på Jæren klagde over at dette var skumlare «enn det burde vere» og at elevane hadde fått mareritt. Men herregud, tenkte eg, ein kan ikkje invitere ein skrekkforfattar på turne, og så klage over at det var for skummelt! Det blir som å invitere Jon Ewo og Reidar Kjelsen og klage over alle dei grisete monstera dei maner fram!

Eg får spørsmål om alt mulig om forfattaryrket og enkelte spørsmål som ikkje handlar om forfattaryrket i det heile tatt. Ein elev klarte på finurlig vis å få alle spørsmåla til å handle om Titanicforliset (!) Men stort sett er reaksjonane at bøkene er spennande og vanskeleg å leggje frå seg, og «når kjem neste bok??!!» Det er slikt eg vil høyre.

 

EWO: NÅR FORSTO DU AT DET VAR FORFATTER DU VILLE BLI?

RØSSLAND: Då eg såg E.T. på kino ein eller annan gong tidleg på 80-talet. Hadde ei kort vrangførestilling om at eg ville bli filmregissør, med det viste seg at det var forfattar eg skulle bli.

 

EWO: HVA SKRIVER DU PÅ NÅ?

RØSSLAND: Eg held på med ei dystopisk bok som eg ikkje vil seie for mykje om, enno. Boka har ei jente i fjortenårsalderen som hovudperson, og den har vore med meg lenge, svært lenge, eg likar å la bøkene modnast godt før eg blir ferdig. Den kjem nok ut ein eller annan gong i 2014. Elles har eg fleire idear til framtidsvisjonar og sci-fi. Likar som sagt sjangeren veldig godt.

 

EWO: HVA ØNSKER DU AT LESERNE SKAL HUSKE AV BØKENE DINE?

RØSSLAND: Kjensla av gru. Både fysisk og psykisk. Om lesaren får eit mareritt eller to, så får det heller berre bli slik. Men eg har lyst til å skrive bøker med litt fleire sosiale og politiske undertonar, og kanskje omsider om det som gjer oss til menneske.

 

HJEMMESIDEADRESSE:

http://www.forfattaren.no/

 

BIBLIOGRAFI:

Pode – illustrert av Øyvind Torseter, utgitt på Det Norske Samlaget (1999)

Pode mister fotfestet – illustrert av Øyvind Torseter, utgitt på Det Norske Samlaget (2000)

Pode får snue – illustrert av Øyvind Torseter, utgitt på Det Norske Samlaget (2002)

Plutselig skjøna eg alle songane – utgitt på Det Norske Samlaget (2004)

Anti-Pode – illustrert av Øyvind Torseter, utgitt på Det Norske Samlaget (2006)

På rømmen i New York – illustrert av Henning Lystad, utgitt på Det Norske Samlaget (2009)

Svarte-Mathilda – utgitt på Det Norske Samlaget, nominert til Uprisen 2011 (2011)

GAMER – utgitt på Mangschou forlag (2011)

Svarte-Mathilda II – utgitt på Det Norske Samlaget (2012)

Svarte-Mathilda III – utgitt på Det Norske Samlaget (2013)

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *