Del på:

INTRO

Terje Torkildsen (1971 –        ) er en forfatter med mange talenter. Han er stand-up-komiker, skuespiller, politiker og svært engasjert i miljøvern. Han debuterte som forfatter med romanen «Marki Marco» i 2008. Men det er på grunn av serien Dystopia 2014 at han intervjues her.

Rammen for serien – som har blitt på 4 bind – er at en gjeng tenåringer befinner seg i London da en voldsom naturkatastrofe rammer landet. Ingenting fungerer lenger og de kan bare glemme å fly hjem til Norge. Men likevel er det dit de selvsagt vil. De fire bøkene skal skildre strevet deres med å komme hjem.

Forlaget har kalt dette en «spenningsserie for otolmodige tenåringar». Det dreier seg selvsagt om relasjoner, kjærlighet og samhold. Men vel så mye om en verden som står på kanten av et stup. Noen bør starte å gjøre de rette tingene. Og ungdommen er kanskje de som har vilje til det. Torkildsen uttalte i et Dagblad-intervju de gjorde med ham etter at han for annen gang vant u-prisen, nå for Dystopia III: «Jeg tror det er fordi jeg skriver for ungdom og bare for dem. Jeg kan med hånda på hjertet si at jeg skriver for dem og ingen andre. Også er jeg veldig glad i ungdom. Det er en fascinerende alder, det er da du blir den du blir, sier en svært oppglødd Torkildsen…»

Forfatteren har prestert det kunststykke å vinne u-prisen to ganger! Noe som ikke er enkelt. Unge lesere er mer krevende lesere enn noen kanskje skulle tro. Men dette betyr at Torkildsen er en forfatter som helt klart treffer leserne sine.

 

EWO: HVORDAN VIL DU SELV BESKRIVE DITT LITTERÆRE PROSJEKT?

TORKILDSEN: Mitt litterære prosjekt er å skriva populære bøker på nynorsk, enkelt og greitt.

 

EWO: FINNES DET GRUNNER TIL AT DU VALGTE Å SKRIVE OM AKKURAT DETTE EMNET – DYSTOPI?

TORKILDSEN: Ja, det finst fleire grunnar til det. Når ein skal skriva spennande bøker om ungdom er det lurt å riva dei ut av den trygge kvardagen dei heldigvis vanlegvis lever i. Elles kan det berre dukka opp ein vaksen og fiksa problema for dei. Eit samfunn som kollapsar er difor ein god arena for ei spennande forteljing. Eg er jo også som miljøvernar veldig oppteken av framtida og problem som vil oppstå som følgje av vår livstil i dag. Og så har eg eigentleg alltid vore begeistra for forteljingar om utopiske og dystopiske samfunn.

 

EWO: GJØR DU NOE RESEARCH FØR DU SKRIVER?

TORKILDSEN: Ja. Eg gjer alltid grundig research både før og medan eg skriv. Før alle Dystopia-bøkene har eg reist til dei stadene der bøkene føregår og gjort notat og teke bilete. Eg har t.d. leigd kanalbåten Rowan som ungdommane stel i D1. Eg besøkte tidevassøya St. Michaels Mount før eg skreiv bok to. Slottet Chateau de Moulindam i Marki Marco og D3 finst ikkje, men eg budde ein gong på eit nedlagt kloster utanfor Tournai og dette har eg brukt som modell. Eg tenkjer det er viktig med korrekt geografisk og historisk informasjon fordi det gir bøkene eit dokumentarisk preg som er viktig for truverdet i forteljinga.

 

EWO: HVA ER DEN VANSKELIGSTE DELEN AV Å SKRIVE EN NY BOK?

TORKILDSEN: Starten. Det tek tid å komma inn i forteljinga og eg veit at eg må skriva mykje av starten om uansett. Dette er litt demotiverande.

 

EWO: DU KUNNE SIKKERT HA SKREVET INNEN MANGE ANDRE SJANGERE. HVORFOR HAR DU VALGT FABELPROSA?

TORKILDSEN: Litt tilfeldig men det heng saman med ønskjet om å riva ungdommane ut av sine trygge rammer og plassera dei inn i ein røyndom utan sikkerheitsnett. Då får vala dei gjer meir alvorlege konsekvensar.

 

EWO: HAR FABELPROSA NOEN FORDELER FRAMFOR ANDRE SJANGERE?

TORKILDSEN: Mogleg det. Ein kan jo vera ganske hemningslaus når ein fantaserer om framtida og finn opp nye univers.

 

EWO: HVA LESER DU SELV AV FANTASY OG SCIENCE FICTION?

TORKILDSEN: Ganske lite, faktisk, men eg har ei kone som sluker alt av den slags. Eg klarer difor å halda meg rimeleg oppdatert.

 

EWO: HVIS DU SKULLE ANBEFALE ÉN ENESTE BOK INNEN FABELPROSA, HVILKEN VILLE DET VÆRT? OG HVORFOR?

TORKILDSEN: Då trur eg ville valt Salamanderkrigen av Karel Capek. Det er ei veldig original forteljing som gjorde sterkt inntrykk på meg då eg las ho. Ei av dei verkeleg store i verdslitteraturen.

 

EWO: KAN FANTASTISK LITTERATUR SI OSS NOE OM SAMTIDEN?

TORKILDSEN: Definitivt. Det er vel kanskje nettopp noko av det som kjenneteikner den fantastiske litteraturen at han gjer det. Ta Discworld-serien til Prachett for eksempel. Det er ein studie i samtidssatire.

 

EWO: HAR DU NOEN GANG FÅTT OVERRASKENDE ELLER UVENTEDE REAKSJONER FRA LESERNE DINE?

TORKILDSEN: Eg blir stadig vekk overraska når kritikarar meiner at det er for mykje sex og bannskap i bøkene mine.

 

EWO: NÅR FORSTO DU AT DET VAR FORFATTER DU VILLE BLI?

TORKILDSEN: Veit ikkje om eg har forstått det enno.

 

EWO: HVA ØNSKER DU AT LESERNE SKAL HUSKE AV BØKENE DINE?

TORKILDSEN: Eg ønskjer at lesarane mine skal ha lyst til å lesa meir etter dei har lese bøkene mine. Dei treng ikkje nødvendigvis hugsa så mykje frå bøkene med mindre dei får spørsmål om dei på munnleg eksamen, sjølvsagt.

 

HJEMMESIDEADRESSE:

http://www.terjetorkildsen.no/

BIBLIOGRAFI:

«Dystopia 2014»-serien:

  1. Dystopia I   (2009)
  2. Dystopia II  (2010)
  3. Dystopia III   (2011)
  4. Dystopia IV   (2012)